Suldal kyrkjelege fellesråd > Artiklar > Artikkeldetaljer


Trusopplæring


"Å høyra til"

Å høyra til ein stad er svært viktig for alle menneske.

Barnet høyrer, heilt frå før fødselen av, til! I familien, i slekta, i ei bygd, i Suldal kommune, i Noreg…

Er barnet døypt, vart det sagt ved døypefonten at det òg høyrer til Jesus Kristus. Samtidig vart barnet medlem i Den norske kyrkja. Me vil at barnet skal få kjenne at det høyrer til i kyrkja si i Suldal og at det skal bli kjend med Jesus, som det vart døypt til, slik at det kan bli verande i trua på han.

Det barnet lærer om tru heime, er det som betyr aller mest. Men fadrar og kyrkjelyd fekk på dåpsdagen eit ansvar for å stå saman med heimen om formidlingsoppgåva.

Tårnagent-helg er eitt av tilboda kyrkja har.

 

Tilbuda i kyrkjene våre inkluderer sjølvsagt også barn som ikkje er døypte – ALLE er velkomne!

 

Dette kan me tilby i kyrkja i Suldal:

 

Frå nyfødd til fylt 1 år: Babysong (ikkje hausten 2026)

1, 2 , og 3 år: Gåve til dåpsdagen

3 år: «Krøllekveld»; ei samling i kyrkja

4 år: 4-årssamling i kyrkja og utdeling av 4-årsbok i ei gudsteneste

5 år: Gåve til dåpsdagen

6 år: Utdeling av boka 6-årsbok i ei gudsteneste eller på ‘Førsteklasses’

6 eller 7 år: Dåpsskule i løpet av 1. eller 2. klasse

8 eller 9 år: Tårnagenthelg for 3. klassingar

10 eller 11 år: ‘LysVaken’-helg for 5. klassingar med utdeling av Teikneseriebibelen.

10-13 år: Tweens-kveldar, ca 4 gonger i halvåret

14-15 år: Konfirmasjonsførebuing og konfirmasjon

 

Kyrkja sitt tilbod går berre over ein dag, ei helg eller ein kort periode.

Meir regelmessig trusopplæring kan barnet få i eit av dei mange kristne barnelaga, kora eller speidargruppene i Suldalsbygdene. Me vil oppfordre til at barnet får vere med der også :)

Tilbake
Del